Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Vinmonopolet ber kundane om å planleggje årets julehandel. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Vinmonopolet ber kundane om å planleggje årets julehandel.

Ber folk planleggje julehandelen

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det går mot tidenes juleinnspurt på Vinmonopolet. Dei ber kundane om å planleggje årets julehandel for å unngå lange køar og glisne butikkhyller.

Vinmonopolet opplyser at det kan gå mot kunderekord dei siste to vekene før jul – og oppmodar no kundane om å ta årets julehandel ein formiddagstime tidleg i veka før den 15. desember.

— Vår klare tilråding er at folk planlegg årets julehandel og får den unna tidlegast mogleg. Alle er tente med det, seier administrerande direktør Elisabeth Hunter.

I fjor starta mange med juleinnkjøpa i midten av november, men slik er det førebelse ikkje i år.

— No er folk tilbake til tradisjonelle handlevanar, og held dette fram nokre veker til får vi tidenes mest hektiske juleinnspurt på Polet med vel 2,5 millionar kundar til saman i veke 50 og 51, seier Hunter.

— Vi håpar å kunne flytte 500.000 av desse til veke 48 og 49.

Normalt utset mange julehandelen på Vinmonopolet til siste veka før julaftan. Om mange skulle gjere det i år, kan køane bli lange og hyllene tidvis glisne, åtvarar Vinmonopolet.

Powered by Labrador CMS