Ein 30 cm lang St. Petersfisk blei fanga på garn i Etnefjorden.
Foto: Privat
Fekk sjeldan gjest på kroken
Då Arne Boland drog garnet han hadde sett ved Osnes i Etnefjorden fekk han ein litt uvanleg fangst.
Arten som dukka opp garnet til hobbyfiskaren i Ølen viste seg å vera ein 30 cm lang St. Petersfisk .
— Eg fiskar ofte heile året, men eg har aldri fått ein slik fisk før, seier Boland som vanlegvis får sei, lyr og torsk når han er ute på fisketur.
St. Petersfisken er ingen vanleg gjest i norske farvatn, sjølv om dei siste ti åra er den blitt stadig meir vanleg også her nord.