Vindafjord IL avslutta sesongen med stil. Frå venstre: Kjell Andre Steinsland, Aleksander Stople, Ørjan Steinsland, Oliver Vestbø, Tore Stople, Petter Nordskog, Johannes Ramsfjell, Toralf Klungland og Stian Furseth. Fremst frå venstre: Martin Vestbø, Vegard Blikra, Henrik Tokheim, Sondre Asheim og Leif Vestbø.
Foto: Privat
Går for ny sesong
Bruntrøyene avslutta sesongen i 7. divisjon med å få si eiga supportergruppe i gåve. Og nå tyder det meste på at Vindafjord IL stiller lag i seniorfotballen også i 2022.
30 år etter at Vindafjord IL sist deltok i seriesystemet på seniornivå i fotball, var klubben igjen representert, denne gongen med eit sjuarlag i 7. divisjon. Og det har gått over all forventning; gode sportslege resultat, stort publikumsoppmøte og rikeleg tilgang på spelarar.
Spelande trenar Oliver Vestbø synest det har vore ein kjekk haust, og høgdepunktet var utan tvil sigeren (1-4) borte mot Ølen 2, hans tidlegare klubb.
— Ein fantastisk sesong. Me blei det beste lokale laget, avslutta med tre poeng og hadde ein fin avslutningsfest laurdag der me til og med fekk servert ei supportergruppe av kveldens quiz-master, Ivar Tokheim. Det er klart at alt dette gir meirsmak og at det ganske sikkert blir satsing med A-lag på ein ny sesong, seier Vestbø til Grannar.