Raymond Lundestad (til høgre) og Lars Øvernes held fram i Etne sitt trenarteam for 2022, saman med Bjørnar Aastvedt.Arkivfoto: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Raymond Lundestad (til høgre) og Lars Øvernes held fram i Etne sitt trenarteam for 2022, saman med Bjørnar Aastvedt.

Opprykksdrama avgjord på overtid

Nord sette inn 2-1 i det 91. minutt, og opprykksdraumen brast for Etne.

Publisert Sist oppdatert

Opprykksfinalen hadde alle ingrediensar ein avgjerande kamp kunne trenga. Sjølv regnet tok ein pause i timane dramaet på Hestmyr idrettsplass pågjekk. Over 600 skodelystne omkransa bana, mange av desse frå bortelaget Etne. Vinnaren av kampen ville rykka opp, medan det ved uavgjort kunne bli Avaldsnes som stakk av med 4. divisjons-plassen, dersom dei fekk full pott i sin kamp.

Berre ni minutt ut i kampen tok Etne leiinga etter eit perfekt hjørnespark frå Rune Torstenbø. På bakerste kom Oskar Kringlebotten og ekspederte ballen i nota, og bortepublikumet fekk noko å jubla for.

Heimelaget hadde ballen mest i omgangen, men Etne såg minst like farlige ut då dei kom på kontringar. Utover omgangen auka trykket frå Nord, og det var nok ikkje ufortent at utlikninga kom ti minutt før pause. Laga var like langt etter dei første 45 minutta.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS