Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) varslar at det kan komme strengare koronatiltak denne veka. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) varslar at det kan komme strengare koronatiltak denne veka.

Helseministeren: – Kan komme fleire og strengare tiltak denne veka

NPK-NTB: Helseminister Ingvild Kjerkol er bekymra over omikronutbrudda som dukkar opp fleire stader i landet. Ho varslar at det snarleg kan komme strengare tiltak.

— Eg ser ikkje bort frå at det kan komme fleire og strengare tiltak denne veka. Vi følgjer det fortløpande og er i tett dialog med fagstyresmaktene. Det skal vi kommunisere godt ut dersom det kjem, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) til VG.

Ho håpar at alle kan få feire jul som vanleg trass i omikronvarianten som det no er fire mistenkte eller stadfesta utbrot av i Noreg. Ho seier at det ikkje er hogd i stein.

— Vi har kontroll på pandemien, men det har komme fleire utbrot med mistanke om omikron. Vi har ei forskrift knytt til dei tilfella der det er mistanke om varianten, med lengre isolasjon og karantene for husstandsmedlemmer. Eg er bekymra, og vi ser på fleire tiltak regionalt og nasjonalt, seier Kjerkol.

Helseministeren ventar no på ei vurdering frå Folkehelseinstituttet (FHI) rundt kva intervall dei under 65 år bør ha på oppfriskingsdosen av koronavaksinen. Førebels er intervallet på seks månader for dei under 65 år, og fem månader for dei over 65.

Kjerkol seier at ho ventar vurderinga i byrjinga av denne veka.

2.576 nye koronasmitta registrert siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 2.576 koronasmitta i Noreg. Det er 855 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 3.510 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 2.572, så trenden er stigande.

Fredag var 262 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var like mange som dagen før.

68 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 45 på respirator. Det er fire fleire på intensiv og seks fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ved midnatt natt til måndag var det utført 8,5 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.

I alt har 285.494 personar testa positivt.

Til no har 4.245.780 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.850.591 personar har fått andre og 703.289 har fått tredje dose.

Til saman er 1.093 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

59,7 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 23 dødsfall i Noreg.

Powered by Labrador CMS