Auken i sjukefråværet kjem hovudsakleg av at det eigenmelde sjukefråværet har gått opp med 26,3 prosent, medan det legemelde sjukefråværet er omtrent uendra.
Høgaste nivå sidan 2009
— Sjukefråværet er no høgare enn ved starten av koronapandemien i 2020 og er på det høgaste nivået sidan svineinfluensaen i 2009, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn i SSB.
Talet på influensa- og koronadiagnosar har auka dei siste to kvartala og bidreg til det høge sjukefråværet, ifølgje Køber.
Navs utrekningar viser at sjukefråværet i tredje kvartal har auka med 4,3 prosent frå kvartalet før.
Fråværet har auka meir for menn enn for kvinner, men kvinner har framleis eit høgare fråvær.
Fråvær i helsesektoren
— Samfunnet er framleis prega av koronapandemien, og det gir utslag på sjukefråværet. Det totale sjukefråværet auka mindre dette kvartalet enn i førre, men er framleis høgare enn i ein normalsituasjon og er det høgaste vi har hatt under pandemien, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.
Dersom ein ser på legemeldt fråvær, er menns fråvær tilnærma uendra på 3,5 prosent frå tredje kvartal 2020. Kvinners fråvær har auka med 5,8 prosent til 6 prosent.
Halvparten av dei tapte dagsverka til kvinner er blant tilsette innan helse- og sosialtenester.
— Dette handlar både om at rundt éin av tre kvinner jobbar i denne næringa, og at helsevesenet har vore under vedvarande press gjennom pandemien, og dette kjem fram i sjukefråværsstatistikken, seier Holte.
2,1 millionar tapte dagsverk
Helse- og sosialtenester har det høgaste sjukefråværet i tredje kvartal, og næringa står for over 2,1 millionar tapte dagsverk.
Samanlikna med same kvartal i 2020 auka sjukefråværet med 7,9 prosent for kvinner i denne næringa, medan det for menn auka med 2,2 prosent.
Overnatting og servering har størst nedgang i sjukefråværet (-9,1) og har no eit sjukefråvær på 3,7 prosent.
Slitasje blant helse- og sosialarbeidarar
Blant diagnosar har slapp/trøytt auka mest (+22,7) samanlikna med tredje kvartal i 2020. Auken er størst blant kvinner med 28,3 prosent.
Særleg tilsette i helse- og sosialtenester og innan undervisning har hatt ein kraftig auke i denne diagnosegruppa det siste året.
— Det er nærliggjande å tenkje at det kjem av slitasje som følgje av ein langvarig pandemi, seier Holte.
Sjukdommar i luftvegane har auka med 15,4 prosent samanlikna med tredje kvartal i fjor, medan mistenkt eller påvist koronasmitte har stige 79,1 prosent.
Psykiske lidingar har auka med 10,9 prosent.
Høgast fråvær i Nordland
60-64-åringar har framleis det høgaste sjukefråværet med 6,2 prosent, men den største auken (+8,5) er blant 30-34-åringar med eit sjukefråvær på 4,8 prosent.
Sjukefråværet har stige i alle fylke, mest i Trøndelag (+6,4) og Møre og Romsdal (+6,4) og minst i Innlandet (+1,6).
Nordland har det høgaste sjukefråværet (5,6), følgd av Troms og Finnmark (5,2). Oslo har det lågaste sjukefråværet (3,7).