Nortura varslar at enkelte anlegg kan bli stengt. Her bilde frå Nortura Sandeid.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Nortura utsett for dataangrep
NPK-NTB: Nortura har stengt ned IT-systema sine som følgje av eit dataangrep. Angrepet fører mellom anna til redusert aktivitet ved fabrikkar.
Ifølgje VG arbeider selskapet for å få ei fullstendig oversikt over situasjonen og omfanget, i tillegg til å leggje planar for å handtere konsekvensane.
— Nortura er utsett for eit dataangrep. Vi har derfor vedteke å stengje ned IT-systema våre og fjerne internettilgangen på lokasjonane våre for å minimere mogleg skade på system og operasjonar, heiter det i ei melding på Norturas nettsider datert tysdag.
Resultatet er at aktiviteten ved fleire av fabrikkane og ekspedisjonar er reduserte inntil vidare, opplyser kjøttgiganten, som vil komme tilbake med oppdatert informasjon.
Nortura er morselskapet i konsernet som vart til ved ein fusjon mellom samvirkeføretaka Gilde Norsk Kjøtt og Prior Noreg i 2006. Gilde og Prior er blant merkevarene som Nortura står bak.