Fredag er det venta ein snittpris på 2 kroner kilowatten, og ein makspris på 2,28 melder straumbørsen Nord Pool.
Illustrasjonsfoto: NVE
Regjeringa med milliardpakke i straumstøtte
Regjeringa har lagt fram ei ordning for kompensasjon for høge straumprisar som inneber at hushaldningar vil få delar av straumrekninga over ein terskel tilbakebetalt over nettleiga.
I ei pressemelding frå regjeringa heiter det at husholdningane vil få støtte til ekstraordinære straumkostnader, ved at dei får eit fråtrekk på straumregninga. Ordninga kjem i tillegg til dei allereie varsla tiltaka, som bustøtte og støtte til studentane. Ordninga skal gjelde frå og med desember 2021 til og med mars 2022, og vil bli administrert gjennom nettselskapa. Regjeringa vil legge frem ordninga i ein proposisjon til Stortinget så raskt som mogeleg.
Fakta om ordninga
Dersom den gjennomsnittlege spotprisen for kraft ein månad går over 70 øre per kilowattime, bistår staten med støtte til husholdningane sine straumkostnader. Norges kraftsystem er delt inn i fem ulike prisområde. Det er spotprisen for kraft i det aktuelle prisområdet som husholdninga tilhøyrer, som blir lagt til grunn for beregning av eventuell støtte. Staten vil kompensere halvparten av prisen som overstig 70 øre per kilowattime for eit straumforbruk opp til 5000 kWh per månad. Beløpet som blir kompensert vil vera uavhengig av kva type straumavtale den enkelte husholdning har.