På tur innom heimbygda. Erika Fatland med boka Høyt, som er på 634 sider. — Eit meisterverk, i følgje fleire kritikarar. Foto: Grethe Hopland Ravn
Forfattar Erika Fatland frå Ølen.

På tampen

Erika Fatland: Takk for meg!

I over ti år no har eg hatt fast spalte i Grannar. Det har vore ei stor glede, for gjennom denne spalta har eg fått ei fast tilknyting til heimbygda, eit ankerfeste, som eg elles fort kunne ha mista. Eg var blant dei som reiste tidleg, så tidleg som eg kunne. Mesteparten av livet har eg levd langt vekke frå Ølen, og snart skal eg ut på nye reiser til fjerne himmelstrøk. Til tross for denne hektiske reiseverksemda, er Ølen framleis den staden eg har vore desidert flest dagar og netter, flest minutt og flest sekund.

Å føre statstikk over dagar og år når det gjeld barndomen, gir ikkje meining, for barndomen er universet resten av livet kviler på. Ein kan aldri reise attende, ikkje ein gong om ein aldri reiser vekk. Det Ølen eg vaks opp i, finst ikkje lenger. Til og med Ølen kommune er ein saga blått, og også Fylkesgrensa har også flytta på seg. Slik er det gjerne med grenser. Dei er ikkje så faste som dei verkar som.

Gjennom denne spalta har eg fått ei tilknyting til Vindafjord og Etne i sanntid, slik bygdene er i dag. Fleire gonger har eg opplevd at folk har kome bort til meg på kjøpesenteret i Ølen og sagt: Ja, jo, bøkene dine, ja, dei er no vel og bra, ja, dei er fine dei, altså, men aller best likar eg no det du skriv i Grannar.»

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS