Våtmark og myrområde er viktige naturtypar.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Våtmark forsvinn tre gonger raskare enn skogane
Arealendringar og i aukande grad klimaendringar øydelegg våtmarker på kloden i eit alarmerande tempo, viser ny rapport.
— Våtmarker lagrar over 30 prosent av alt landbasert karbon og er viktige for helse-, mat- og vasstryggleik. Derfor er det svært viktig at vi tar vare på dei våtmarkene vi har igjen og restaurerer dei som kan restaurerast, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, på direktoratet sine nettsider.
Den internasjonale avtalen om våtmarker – Ramsarkonvensjonen – har lansert ein ny spesialrapport om situasjonen for dei attverande våtmarkene i verda, Global Wetland Outlook: Special Edition 2021.
Rapporten er skriven av ei gruppe internasjonale fagekspertar på oppdrag frå Ramsarkonvensjonen.
Rapporten viser at 35 prosent av våtmarkene globalt har gått tapt sidan 1970. Våtmarker er vårt mest trua økosystem, og dei forsvinn tre gonger raskare enn skogane.
Torvmarker, som blant anna inkluderer det meste av norske myrer, dekkjer berre 3 prosent av landoverflata på jorda, men lagrar ifølgje rapporten likevel 30 prosent av alt landbasert karbon.
Nokre funn i rapporten:
Ein firedel av dei våtmarksavhengige artane i verda er i ferd med å bli utrydda.
Effektane av klimaendringar på våtmark kjem mykje raskare enn forventa. Dette slår særleg ut i arktiske strøk og i fjellet, men også langs kysten.
Arealbruksendringar er den viktigaste årsaka til at våtmarker har forsvunne på land.
Dårleg forvaltning av våtmarker har auka graden av vassmangel og vassborne sjukdommar, og det er anslått at dette bidrar til millionar av dødsfall kvart år.
Også her i landet har det vore nedgang i både areal og økologisk tilstand til våtmark.
— Det viktigaste vi kan gjere for våtmarkene i Noreg er å bremse nedbyggingstakten samtidig som vi tek vare på og restaurerer våtmark der det er mogleg. For å få til dette er vi avhengige av tiltak på tvers av sektorgrenser og forvaltningsnivå, seier Hambro.