Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 6.865 koronasmitta per dag
Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
9.622 nye koronasmitta registrerte siste døgn
Det siste døgnet er det registrert 9.622 koronasmitta i Noreg. Det er 1.701 fleire enn same dag førre veke og det høgaste talet på eitt døgn så langt under pandemien.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 6.865 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.240, så trenden er stigande.
Tysdag var 277 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var sju fleire enn dagen før.
85 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 64 respiratorbehandling. Det er sju færre på intensiv og éin fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
Over 450.000 positive
I alt har 460.530 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet. Førre døgnrekord for Noreg var 6. januar 2022. Då vart det registrert 8.385 smitta.
Til saman er 1.350 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.
Tiltaka går ut
Fredag denne veka er sluttdato for tiltaka som regjeringa innførte før jul, og det skal gjerast ei ny vurdering.
— Vi har sett på veldig mange av dei tiltaka som har vorte sette i verk og også totalsituasjonen – ikkje minst korleis det no fungerer ute i kommunehelsetenesta og i sjukehusa. Det dannar grunnlaget for dei råda vi gir, og så skal jo regjeringa vekte dette mot andre samfunnssektorar enn helsesektoren, sa assisterande helsedirektør Espen Nakstad til NRK tysdag.
Han meiner tiltaka som vart innførte for vel ein månad sidan, har gitt veldig god effekt på smittesituasjonen, mellom anna gjennom ei mykje langsamare stigning av omikronvarianten samanlikna med andre land. Det har heller ikkje vore nokon auke i sjukehusinnleggingar.