94-21-emma_ingebrigsten_bjelland_

På tampen

Du er ikkje åleine om russepresset

Mange foreldre og dei eldre generasjonane forbinder russetida med ei minnerik og fantastisk tid, kor tretten års skulegang blir feira med klassekameratane ein har gått i klasse med. Men, når eg fortel dei om korleis det er for mange i dag, får dei heilt sjokk. For russetida i dag er reine stresset.

I gangane på skulen kryr det av russegenserar, russeband, russeklistermerke, ja, nokon har til og med russetruser. Etternamna på alle medlemmane» i gruppa deira, stempla på trykk saman med eit eller anna fancy namn, bak på genseren. Stempelet som seier kva status du har, og kva status gruppa di har. No handlar russetida om status, popularitet og presset som fylgjer med. Kva skjedde med samhaldet, og konseptet om éi felles russetid for alle?

Det gjekk ikkje mange dagar på VGS før eg høyrde russesnakket i gangane. Ord som til dømes russegrupper, russeklede, russebuss, russenamn, russelogo, russesponsorar og så vidare. Det er nemleg viktig å vere ute i god tid, for å sikre seg ei russetid, og sikre at du ikkje endar opp åleine, utan gruppe. Det er den største frykta for mange. Då er løpet køyrt.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS