Kunstnar gir nytt liv til gammalt drivhus
Sidan drifta blei nedlagt i 1998 har det vore relativt stille i det gamle drivhusbygget i Øvrehagen i Ølen. Nå er kunstgrafikar
— Me såg først på eigendomen i Ølen i fjor sommar, då me svinga innom på veg frå Sandnes til Hardanger. Først var me litt skeptiske på grunn av krav til arbeid. Seinare såg me på den fleire gonger, og tenkte jo, me prøver å få til noko her, seier Oftedahl til Grannar.
Fant svar i Ølen
Fram til nå har Oftedahl jobba med kunsten sin på eit atelier i heimen sin i Sandnes. Han kjem frå Stavanger, og har budd heile livet i Stavanger-området. Då han trengde meir plass til atelier blei det derfor naturleg for han og kona hans Maryann Fagertveit, som er fødd i Odda og oppvaksen i Sandnes, å leite på deira heimstadar.
— Me har vore på jakt etter større lokale til atelier, litt ute på landet, og då helst ein sted kor me både kan bu og arbeide. I utgangspunktet leitte me på Nord-Jæren og i Odda, men klarte ikkje å finne noko eigna eigedom nokon av stadane, fortel Oftedahl som har kjøpt den store eigedommen i Ølen for 2,4 millionar kroner.