Mange nordmenn tørstar etter sol og varme etter to korona-år. Her frå stranda ved Elviria litt utanfor Marbella by på solkysten i Spania.
Foto: Geir Olsen / NTB / NPK
Forsikringsselskap åtvarar før påskeferie utanlands: Berekn god tid
Ifølgje charterselskapa er reiselysta til nordmenn tilbake for fullt. Både Tui og Apollo melder om fulle sydenfly i påska. Men korona set framleis ein stoppar for ein del som skal utanlands.
Kommunikasjonsdirektør Andreas Bibow Handeland i If og Europeiske Reiseforsikring seier at forsikringsselskapet får mange førespurnader frå nordmenn som aldri får reist på grunn av korona hos seg sjølv eller nokon i familien sin.
– Vi får no rundt 4.500 telefonar inn til oss kvar månad, og mange av desse dreier seg om avbestillingar av reiser som følgje av korona, seier han.
Bereknar for lite tid