Bjørn Gimming, leiar i Noregs Bondelag, er glad for at Stortinget sikra stønad til vatningslaga.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB / NPK
Straumstønad til vatningslag i landbruket
Noregs Bondelag har fått gjennomslag for at straumstøtteordninga skal inkludere vatningslag i landbruket.
I ei pressemelding
skriv Noregs Bondelag om vedtaket frå Stortinget. Tidlegare i april vart det bestemt at felles lagre- og vatningsanlegg skulle inkluderast i dei allereie vedtatte straumstøtteordningane til landbruket.
– Vi er glade for at Stortinget sikra stønad til vatningslaga. For mange bønder er vatning heilt avgjerande for å få best mogleg avling, og med dagens straumprisar ville mange bønder ikkje hatt råd til å ta i bruk vatningsanlegga gjennom heile sesongen, seier leiar i Noregs Bondelag. Bjørn Gimming.