Jorunn Halsnes frå Ølensvåg gjekk til topps i distriktsmeisterskap i blomsterdekorasjon.
Foto: Privat
Til topps i blomsterdekorering
Under det årlege distriktsmeisterskapet på Oasen storsenter i Karmøyi regi av Interflora gjekk Jorunn Halsnes frå Ølensvåg av med sigeren i distriktsklassen Nord-Rogaland. Nå ventar Norgesmeisterskap i Oslo til neste år.
— Eg blei overraska og glad. Eg trudde ikkje eg hadde gjort det så bra, seier den glade vinnaren etter at konkurransen er over og pokalen er sikra, seier Halsnes.
Ho har deltatt i distriktsmeisterskapet fem gonger tidlegare og har ein andre plass som beste resultat. Vanlegvis jobbar den rutinerte blomsterdekoratøren etter eige hovud når ho skal laga blomsterpynt til sine kundar, men under konkurransen fekk ho ikkje fritt spelerom.