Frp i Vindafjord vil stoppe prosjektet gul stripe over Fikse fordi dei meiner det vil gå ut over det store prosjektet mellom Bakka i Etne og Solheim i Skjold. I så fall vil nytt kryss ved Hiksdal og omlegging av vegen ved Opheim, bli skrinlagt.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Vil ofre gul stripe
Frp-politikar Mats Årvik meiner Vindafjord har alt å tape på å godta gul stripe over Fikse til kanskje ein kvart milliard. Det vil bety havari for ny veg mellom Stordalen og Skjold på E134 slik denne utbygginga tidlegare er planlagt, meiner han.
For mange var det godt nytt at Statens vegvesen er i gang med å regulere breiddeutviding av strekninga mellom Tveit i Ølen til Gjerde i Etne. Pluss nytt kryss ved Hiksdal. Statens vegvesen har pengar på hand til å starte opp utbygginga i 2023.
Prislappen er blitt revidert fleire gonger, og no verserer 220 millionar som oppdatert prislapp
— Gagnar ikkje Bakka-Solheim