Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i Vindafjord legg fram det endelege forslaget sitt til ny plan for skular og barnehagar på torsdag. Høyringsrunden der 409 svarte på den første innstillinga og 44 på rapporten til Norconsult, viser at han er ganske aleine om å gå inn for endringar. Her frå folkemøtet i Skjold. Foto: Jon Edvardsen
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i Vindafjord legg fram det endelege forslaget sitt til ny plan for skular og barnehagar på torsdag. Høyringsrunden der 409 svarte på den første innstillinga og 44 på rapporten til Norconsult, viser at han er ganske aleine om å gå inn for endringar. Her frå folkemøtet i Skjold.

96,5 prosent seier nei

I alt 409 innspel har sagt meining si om å endre på skular og barnehagar i Vindafjord, og 96,5 prosent seier nei. Klarare svar kan ikkje kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og politikarkorpset få frå grasrota i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Det er først og fremst enkeltpersonar, men også litt organisasjonar og næringsliv, som har sagt sitt om å endre på skular og barnehagar i Vindafjord.

Det kom inn 409 svar på høyringa etter at kommunedirektøren i slutten av januar la fram eit forslag til korleis skular og barnehagar skal vere i Vindafjord i framtida.

Forslaget har såpass drastiske endringar at det var sterke reaksjonar over nesten heile fjøla av bygder i Vindafjord. Tidlegare kom det inn ein del innspel på Norconsult sin rapport, men dei er ikkje med her.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS