Wenche Sandbekken Lilleland (Ap) og Modolf Haraldseid (H) har funne saman i skulesaka.
Foto: Svein-Erik Larsen
Bekymra for konsekvensane av for små skular
Som venta gjekk formannskapet, mot Arbeiderpartiet og Høgre sine stemmer, inn for å behalde alle dagens ni skular i Vindafjord. Nå fryktar Wenche Sandbekken Lilleland (Ap) og Modolf Haraldseid (H) at skulane ikkje vil vere i stand til å levere nok kvalitet.
— Skular som blir for små blir risikoprosjekt fagleg og sosialt, uttalte Haraldseid under debatten.
Høgre og Arbeiderpartiet støttar kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt forslag om å legge ned skulane på Bjoa og Imsland, og la fram eit samla forslag med nokre endringar frå Bergesen siste framlegg til skule- og barnehagebruksplan.
Frir til innbyggjarane