Blide fjes – alvorleg tema
konferansen
Olalia er synonymt med rekreasjon og turglede. Det var det òg for over hundre personar frå næringslivet i Etne og Vindafjord torsdag, men mellom mingling og fantastisk mat var hovudemnet av det alvorlege slaget.
Fikse Næringsforening skriv på heimesidene sine at bedriftene i Vindafjord og Ølen har 6.000 arbeidsplassar og verksemder som omset for rundt 24 milliardar. Det er fantastiske tal for to kommunar med rundt 13.000 innbyggjarar. I eit så høgt omsetningstal ligg nok konsernomsetningar kor verdiskapingar frå andre stader er med, men det blir administrert og er skapt herfrå. Faktisk er så og seia samtlege av desse bedriftene resultat av lokal gründerånd og fram til nå. Mowi sitt anlegg i Fjæra og Equinor sitt havvindprosjekt i Vikebygd er døme på at store konsern etablerer seg i kommunen, men dei er det yttarst få av. Nokre av dei lokale verksemdene har ei livslinje over to eller tre generasjonar, men i fleire av dei omsetningstunge selskapa er gründerane framleis i arbeid.
Kontinuerlig prosess