Håvard Rørtveit, kommunestyrerepresentant for Høgre, medlem av utval for oppvekst og omsorg.
Arkivfoto: Privat
Fullfør skulebruksplanen!
På kommunestyremøte den 21.juni kjem eg til å stemme for kommunedirektøren sitt forslag til vedtak i saken og barnehage- og skulebruksplan. Dette fordi eg meiner at skulemiljøa på Imsland og Bjoa blir for små.
Mitt største ynskje i denne saka er å sikra at skulane våre er økonomisk berekraftige, fagleg gode og at dei bidrar til eit godt skulemiljø for ungane som går der. Det fortenar elevane våre!
Kommunestyret har i tre år venta i spenning på eit forslag til skulebruksplan, og det har vert eit felles ynskje frå kommunestyret om å sjå på moglegheiter for å tenke nytt om Vindafjordskulen. I løpet av dei åra har me bestilt og fått ein konsulentrapport på tilstanden på skulane, hatt fleire innspelsrundar og folkemøte i alle bygder. Administrasjonen har til slutt lagt frem eit forslag der dei peiker på ein rekke tiltak for å styrke Vindafjordskulen i framtida. Det arbeidet skal me no leggje i ei skuff, fordi Senterpartiet og eit fleirtal i kommunestyret ikkje ynskjer å gjere noko som helst – det er skuffande!