Maren Tungesvik Tveiten er eitt av medlemma i 17.mai-komiteen i Skånevik. — Endeleg skal me få gå i tog igjen, seier 39-åringen. Foto: Privat
Maren Tungesvik Tveiten er eitt av medlemma i 17.mai-komiteen i Skånevik. — Endeleg skal me få gå i tog igjen, seier 39-åringen.

Gler seg til vanleg feiring

Maren Tungesvik Tveiten er med i 17.mai-komiteen i Skånevik, og gler seg stort til å endeleg kunne ta på bunad, gå i tog, og få oppleva ei ordinær nasjonaldagsfeiring igjen etter to år med pandemi.

Publisert Sist oppdatert

Det er tre år sidan det sist gjekk 17.mai-tog frå skulen, til omsorgssenteret og tilbake til sentrum i Skånevik, og 39-åringen gler seg stort til å endeleg få vera med på å feira nasjonaldagen igjen. Spesielt for barna sin del, og sonen Gaute på åtte år, har aldri gått i tog med skulen før. — Det er viktig for barna å få vera med på dette, elles gløymer dei ut både nasjonaldagen og kvifor me feirar han, seier Tveiten. For hennar del er det å kle seg i bunad igjen noko ho ser fram til, og å feira dagen med både familie og venner.

— Kva er di sterkaste side?

— Eg trur eg er ei ganske positiv sjel – med ein god arbeidskapasitet. Eg trur nok eg kan seia ja litt for ofte, men det er berre fordi eg likar å vera med på ting og å bidra.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS