Med kortreiste delikatesser på menyen
Kjøtrettar frå kje og Dexterku servert med grønsaker dyrka i kashmirull vil stå på menyen når Terje Kleiven (56) og kona Anne (56) opnar sin nye restaurant i sjøkanten i Langelandsvik i Skjold om ein knapp månad.
— Me skal bruka kjøt frå eigen gard, og dyrka våre eigne grønsaker, seier Terje Kleiven og viser fram sitt nesten innflyttingsklare restaurantbygg heime på garden ved Skjoldafjorden.
Den driftige kommuneoverlegen i Vindafjord har ikkje lege på latsida sidan han og kona kjøpte garden i Langelandsvik i 2015. Først bygde han seg geitehus med plass til 100 vinterfôra geiter, så kom nytt bustadhus og reiskapshus med selskapslokale på plass, og nå er han i ferd med å ferdigstilla eit tre etasjes sjøhus med restaurant, stort kjøkken, sanitæravdeling og ein liten hybel øyremerka innleigd kjøkkenpersonell.
Framfor sjøhuset er det opparbeidd eit stort kaiområde med plass for uteservering, og så snart flytebrygga er på plass kan gjester som kjem sjøvegen slå seg til ro etter eit betre måltid på restauranten.