Guri Ravatn fekk resten av salen med på sitt forslag.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Miljø, fordeling og solidaritet
1.mai er arbeidarane sin kampdag. I vårt rike land og fredelege region kan utfordringane verka få og at det er lite å kjempa for. Og det er rett, me har det godt. Mange av goda våre kjem frå naturen som omgir oss og frå den kampen som alt er kjempa. Nemnast kan regulert arbeidsliv, ferie og fritid og ulike sosiale gode og støtteordningar til dei av oss som i periodar har bruk for det.
Er det så noko for oss å kjempa for? Ja, det er det. Og SV tar kampen for rettferdig miljø og rettferdig fordeling. I lokal målestokk vil det m.a. seia :
• SV tar kampen mot nedbygging av landbruksjord og sårbare natur- og friluftsområde. Dvs. at kraftlinja Blåfalli – Gismarvik, planlagd gjennom Etnefjella, må utgreiast og byggast som jord- og sjøkabel.
• SV tar kampen for arbeidstakarane sin rett til heile og faste stillingar, i kommunane og i arbeidslivet elles.