Illustrasjonsfoto
Sikta for grov kroppsskade
Det var rundt kl. 18.00 torsdag denne veka at alarmen gjekk, og både politi og ambulanse rykte ut til ei privatadresse i Vikedal. Jourhavande politijurist, Louise Størksen Førre ved Haugesund politikammer, opplyser til Grannar at den skadde blei frakta til Stavanger Universitetssjukehuset i ambulansehelikopter.
— Vedkomande er ikkje livstruande skadd, seier politifullmektigen som er juristansvarleg for den alvorlege hendinga i Vindafjord.
Sidan etterforskinga er i ein tidleg fase og det førebels ikkje er gjort avhøyr av fornærma, er politiet sparsame med opplysningar om den sært alvorlege hendinga, men politijuristen opplyser at både fornerma og sikta er kjenningar av politiet og at dei er i nær relasjon.