Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tok grep. Magnar Fjeldheim i Skjold har redusert produksjonen for betre dyrevelferd.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Tok grep. Magnar Fjeldheim i Skjold har redusert produksjonen for betre dyrevelferd.

Tok grep til beste for dyra

Publisert Sist oppdatert

Medan mange bønder ser seg nøydde til å auka talet på dyr for å få dei økonomiske hjula til å gå rundt, har Magnar Fjeldheim og kona Marit gått i stikk motsett retning. Frå å produsera rundt 5.500 grisungar i året har dei redusert drifta til rundt 4.000. Dermed håpar dei å gjera kvardagen både betre og trivelegare for grisene som er igjen inne i grisehuset.

— Me har redusert med 20-30 prosent. Dette gjer eg fordi me såg at det var nødvendig for å skapa betre dyrevelferd. Men me har heller ikkje hatt problem med dyrevelferd tidlegare, seier Magnar Fjeldheim som driv formeiringsbesetning på garden i Skjold.

Ekteparet har lenge gått med tanken om å redusera drifta til fordel for dyrevelferd, og då skuldingar og dokumentasjon om dårleg dyrevelferd blant griseprodusentar dukka opp på tv-skjermen og i media dei siste par åra, blei valet enkelt. Dei ville ta grep til beste for dyra.

Powered by Labrador CMS