Samarbeid gir liv til jentefotballen
Gjennom å jobbe saman greier Etne- og Vindafjord IL å stille to J15-lag i år. Det var tydeleg på vikedalsbu Camilla Reimers (13) og dei andre jentene at det felles miljøet har klart å skape fotballglede, sjølv etter at laga møttest til seriekamp på kunstgraset i Etne torsdag kveld.
— Samarbeidet fungerer veldig fint, seier Reimers.
Trass at det blei ein tung kamp resultatmessig med 5-1 til Etne var ho og dei andre jentene, uavhengig av draktfarge, blide då dei blei servert kake og muffins saman i garderoben etter kampen.
Saman om treningar og kampar