Det er få dagar til det offisielt kan erklærast sommar i Noreg. Men det blir ei stund til ein kan byte ut paraply med solkrem og shorts. Til helga blir det kjølig i nesten heile landet.
Illustrasjonsfoto: Annika Byrde / NTB / NPK
Sommarvêret lèt vente på seg – kjølig langhelg i vente
Om få dagar er sommaren offisielt i gang. Men landet vil ikkje bade i sommarsol med det første, og den kommande langhelga blir av det meir kjølige slaget.
Det har regna i store delar av landet den siste tida, og paraplyen har vore ein nyttig følgjevenn for mange. I mellomtida ligg sommarkleda framleis i skuffen hos dei aller fleste – og der blir dei nok verande ei stund til.
Våren er straks over, og neste veke går vi inn i den første sommarmånaden i år. Austlandet har vore prega av fleire regntunge dagar. No minkar nedbøren, og det vil bli mindre lummert.
– Samtidig vil lufta bli litt skarpare, og det vil nok gi kjensla av litt lågare temperaturar. Makstemperaturane vil liggje mellom 17–20 grader, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl ved Meteorologisk institutt til NTB.