Meir Etne-jubel i kveld på Åkra. Her frå kampen mot Stegaberg på fredag. FOTO: Magne Skålnes
Meir Etne-jubel i kveld på Åkra. Her frå kampen mot Stegaberg på fredag.

To lag på vinnarsporet

Både Etne og Ølen var i aksjon måndag kveld, høvesvis i 5. og 6. divisjon. Etne hadde bortekamp mot Åkra 2, og Tøres Rullestad sendte topplaget i leiinga allereie etter eitt minutt. Kristoffer Grønstad og Sverre Ramsfjell putta på slik at det stod 0-3 før det var spelt eit kvarter. Så kom heimelaget med eit par kjappe reduseringar, før Rullestad var frampå igjen rett før pause, slik at pauseresultatet var 2-4. Andre omgang gjekk litt rolegare for seg, med berre ei skåring for kvart lag. Kristoffer Grønstad tegna seg for den siste Etne-skåringa i 3-5 sigeren. Dermed har Etne full pott med ni poeng etter tre kampar. Neste kamp er ikkje før 19. mai borte mot Skudenes.

Ølen hadde Djerv 1919 3 på visitt, og Sander Totlandsdal skåra det det einaste målet i førsteomgang, slik at stillinga til pause var 1-0. Andre omgang var noko meir hendelsesrik, og Djerv 1919 utlikna tidleg i omgangen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS