Unni Vik har skrive barnebok om bakteriane sitt skjulte liv. Med humor, små historier og fakta fortel boka det usynlege som er så viktig for mennskekroppen og naturen. Eit ufortent dårleg rykte meiner forfattaren som arbeider på OsloMet. Foto: Privat
Unni Vik har skrive barnebok om bakteriane sitt skjulte liv. Med humor, små historier og fakta fortel boka det usynlege som er så viktig for mennskekroppen og naturen. Eit ufortent dårleg rykte meiner forfattaren som arbeider på OsloMet.
Kan bakteriar bæsje?» kjem ut på Gyldendal i august. Illustrasjon: Tiril Valeur
Kan bakteriar bæsje?» kjem ut på Gyldendal i august. Illustrasjon: Tiril Valeur

Brukar humor på eit ufortent rykte

Unni Vik er fascinert av bakteriane sitt liv, og i august lanserer ho ei bok for barn som skal gi innblikk i eit usynleg liv med stor betydning for både menneske og natur. Ja, bakteriar kan bæsje, til og med gull.

Publisert Sist oppdatert

— Skumle ja, men bakteriar har eit ufortent dårleg rykte. Dei skapar sjukdom og er mest kjent for det. Det var sjølvagt nødvendig å vere opptatt av, men på den andre sida speler bakteriane ei enorm rolle både for økosystemet og kroppen, fortel Unni Vik som er oppvaksen i Ølen.

Som forskar på Universitetet i Oslo for nokre år sidan handla det om mikrobiell økologi om sopp og bakteriar, og under arbeidet med doktorgraden kopla ho av ho med kreativ skriving om bakteriane sitt skjulte liv.

Det var starten på det som er blitt ei illustrert barnebok med tittelen Kan bakteriar bæsje?». Det visuelle står Tiril Valeur for.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS