Fremst står Åse Berge og forklarer Ida Flesland, Etne og Anna Ersland frå Kvinnherad om det 100 år gamle epletreet som framleis ber gode epler.
Frå høymole til prakthage
Etne Hagelag er frå tid til anna på hagevandring i bygda og nærmiljøet med hageinteressert deltakerar. Laurdag bar det i veg til Skjoldastraumen der etnedama Anne-Bodil Haugen tråkka sine barnesko. Ho viste reisefylgje veg og fann fram til skulekameraten Torbjørn Berge og kona hans Åse sitt ferieparadis ved sjøkanten. Eit syn for auga står det over hundrede år gamle huset med ein hage som er velstelt og med blømande vekster og matnyttige planter, høveleg tilpassa rundt fine sitjegrupper i skrå tomta som romma for det meste meterhøge høymole då dei overtok eigedomen i 2009, og eit hus som sårt trengte stell.
— Det meste av rhodondenron og buksbom er avleggjarar som eg dyrkar fram på tomta her, forklarer Åse Berge, og seier at det meste med frø prøver ho også å ale fram i hagen sin.
— Hagestell er interessant og god terapi som ingen ende tar, om ein ikkje avgrensar seg, seier Berge og peikar oppover skråninga der kratt og skog dominerte. No er det blømande vekstar langs stien til topps på tomta.