Knallstemning i både sol og regn for Etnecup
Etnecup er i gang, og fotballkampane går parallelt på fleire banar. Sanna Halleraker (9) og Erle Hustveit Nybru (9) frå Vindafjord er to av 2.000 fotballspelarar som kjempar om sigeren på grasmatta. Og denne gong vann dei 4-1 over karmøylaget Vea.
Om det til tider dryp heftig frå ovan og dei tidlegare grøne grasmattene etter kvart går over i brune sørpebanar, står ikkje regnskurane i vegen for verken vinnarinstinkt eller fotballglede.
For Erle Hustveit Nybru og Sanna Halleraker som spelar på jenter 10 i Vindafjord, er det berre éin ting som gjeld: Å vinna mot Vea. Då dommaren bles til pause er stillinga 2-1 og når kampen er slutt, kan jentene smykka seg med ein 4-1 siger. Det gir motivasjon for neste kamp.
Fotograf i 40 år