Reinarlaget Arriva i Ølensvåg har levert gode tal under pandemien. I år skal dei ta imot skipet MS Nor Viking».Illustrasjon: WPA/Arriva
Knuste rekorden sin
I 2020 hadde Arriva Shipping AS og dagleg leiar Sindre Matre sin høgaste omsetnad nokon gong med 359,4 millionar kroner. Grunna auka aktivitet vaks denne med heile 33,1 millionar til 392,5 millionar i 2021.
— Grunnen til den store veksten er auka fraktratar, fleire reisedøgn som følgje av utvidinga av flåten (kjøpet av MS Norheim» sommaren 2021) og meir bruk av innleigd tonnasje, fortel Matre, som også er medeigar i selskapet.
Selskapet sitt resultat før skatt i 2021 blei på 33,4 millionar, ein auke på 19,4 millionar frå året før.
Trenden fortsett
Arriva Shipping blei grunnlagt i 1972 av Johannes Matre som eit familieeigd reiarlag. I dag har selskapet hovudkontor i Ølensvåg og avdelingar i Stavanger og Gdansk i Polen. I jubileumsåret er det lokale reiarlaget prega av optimisme.
— Me er tilfredse med 2021 som var prega av høg aktivitet og ytterlegare vekst for reiarlaget. Så langt i 2022 opplever me sterk etterspurnad etter våre transporttenester som framleis gir god aktivitet, seier den daglege leiaren.
I 2021 utførte selskapet sine fartøy totalt 1.369 reiser til 15 ulike land. Totalt transportvolum utgjorde cirka 4,1 millionar tonn bulkmateriale der av cirka 36 prosent betong- og asfalttilslag, cirka 38 prosent industrivarer (kol, koks m.m.), cirka 18 prosent tømmer og flis og cirka 8 prosent andre bulkvarer som gips, salt og gjødning. Selskapet hadde også 10,2 millionar i finansinntekter i 2021, ein auke på 8,5 millionar frå 2020.
— Dette skuldast urealiserte valutakursgevinstar på delen pantegjeld i euro og gevinst ved sal av aksjar, fortel Matre.
Ventar på forseinka skip
Sjølv om mykje ser lyst ut for shippingselskapet i Ølensvåg møter dei også utfordringar. Som for mange andre i det lokale næringslivet et høg inflasjon og kostnadsvekst av marginane deira. I tillegg blir dei framleis råka av dei internasjonale konsekvensane av koronapandemien.
— Nedstenginga av Kina, kor nybygget MS Nor Viking» er under produksjon, er ei stor utfordring for oss, seier den daglege leiaren.
Då skipet blei bestilt i 2019 var det venta å bli levert i andre halvdel av 2020. I samband med kjøpet av det irske bulkskipet MS Arklow Brook» i juni 2021, hadde Matre justert forventninga til januar 2022. Nå er leveringa venta i juli i år. Skipet er det første nye skipet Arriva bestiller, og det blir truleg eit ekstra spesielt høve når dei kan ta det i bruk.
— Me håpar å kunne kombinere 50-årsjubileet vårt og skipsdåpen, fortel Matre.
Dei planlegg ei markering av jubileet til hausten. I tillegg blir det blant anna laga ei bok om reiarlaget si historie.
Klimabevist
MS Nor Viking» er eit tørrlastskip på 8.500 dødvekttonn som blir 120 meter langt. Dei tekniske spesifikasjonane har spesielt fokus på energieffektivitet og framtidas strenge miljøkrav. Det vil mellom anna få store batteripakkar, og skipet kan ligge til kai utan utslepp, og det kan segle utsleppsfritt i samband med inn- og utsegling til hamner. Også losseoperasjonane vil skje elektrisk og utsleppsfritt. Miljøperspektivet blir viktig for selskapet framover.
— Fram til nullutsleppsteknologi blir tilgjengeleg i tilstrekkeleg omfang og til eit kommersielt berekraftig nivå, vil nok fartøya me kjøper eller bygger vere hybride med lågutsleppsteknologi. Våre noverande og framtidige fartøy og deira seglingar vil med dagens batteriteknologi og infrastruktur på landsida ikkje vere mogleg å gjerast heilelektrisk, seier Matre.
Han beskriv svaret på kva som er morgondagen sine fornybare og berekraftige energiberar, og trekkjer fram hydrogen og ammoniakk som potensielle kjelder som gir nullutslepp som det berømte titusenkronersspørsmålet.