Drude Isene.
ARKIVFOTO: Heidi Berakvam
Marknad med skaparglede
Fleire var nøgde med oppmøtet på gamaldags marknad i Vats. Opphaldsvêret gjorde at fleire i bygda tok turen for å sjå på det varierte utvalet.
Onsdag ettermiddag var det duka for gamaldags marknad på Nesheimstunet i Nedre Vats. Arrangementet skjedde i regi av Vats Bygdekvinnelag og var ein del av Kulturveka i Vats som endeleg var tilbake etter å ha vore utsett i to år grunna pandemien.
Fleire lokale produsentar var til stades for å selja produkta sine. Vatsbuen fekk handla på sjokolade, smykke, geitost og mykje meir. Ei av dei som stilte opp med sine varer var Drude Isene som held til i Tørresdalen.
Gleda av å skapa