I 2022 gjekk turen sørover i mindre båtar. Dette er noko av det Espen Mills (t.h.) skal snakka om under årets Etnemarknad.
Foto: Coastbuster.
Ny tur med Coastbuster
Det har gått ti år sidan førre tur som gjekk langs Noregskysten. Denne gongen tek Espen Mills med seg kameraten Torstein Årseth til Istanbul og håpar på varmare dagar.
Espen Mills frå Etne har mange gode turar og opplevingar bak seg, men også nokre vonde. Turen langs Norskekysten var ei lærepenge i det kalde nord. Derfor vendar han blikket sørover til varmare strøk.
Til dagleg er Mills fotograf i eige firma. Andreas Kalvig Anderson som òg var med for ti år sidan skulle eigentleg vere med, men kort tid før avspark måtte han melda avbod grunna prolaps i ryggen. Mills har heldigvis gode, båtvande vener og fekk med seg sunnmøringen Torstein Årseth.
Via elvar og kanalar