Tung bør. 3 år gamle Olga og mor Daria (24) Havrilenkova koste seg på Ølen Sanitetslag si samling for ukrainske flyktningar.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Rømte frå krigen: Koste seg med leik og god mat
Kaffidrøs, leik og aktivitetar for store og små stod på programmet då Ølen Sanitetslag inviterte ukrainske flyktningar til sosial samling. For 3 år gamle Olga Havrilenkova var Lego-klossane favoritten denne kvelden.
I leikekroken inne på sanitetslaget sitt lokale i Ølen sentrum ligg Duplo og Lego- klossar speidde utover bordet. Dei fargerike klossane er populære for barn i alle aldrar og i dag er dei ei del av leiketilbodet under sanitetslaget sitt arrangement for ukrainske flyktningar.
3 år gamle Olga Havrilenkova kosar seg saman med mor Daria (24) og far Ivan (27) Havrilenkova som villig trør til når dottera treng ei hjelpande hand med Lego-byggverket. Den vesle familien kom til Vindafjord frå Mariupol for knappe to månadar sidan og har budd rundt éin månad i Vikedal før dei flytta til Ølen. Her trivst dei svært bra og kan ikkje få skryta nok over bygda og folket dei har møtt.
— Me likar oss her. Det er heilt fantastiske folk som gjer alt for at me skal trivast. Det er kjekt at det finst kjekke folk som vil hjelpa, seier far Ivan og sender ein varm takk til alle som har gjort det mogeleg for den vesle familien å sleppa unna bomberegnet i heimbyen søraust i Ukraina.