To lokale med rekordløp i Tysvær
Vindafjord tok storeslem då Tysværtrimmen med Aksdalsvannet rundt over 12,5 kilometer og Tysværtrimmen på fem kilometer gjekk av stabelen på laurdag. Reidar Austrheim (21)frå Vikedal og lærar ved Ølen vgs Tom Erik Karlsen (32) sette løyperekordar i Tysvær.
Totalt 208 var påmelde i dei ulike klassane. Ifølge Tysvær Bygdeblad er det noko ned frå toppåret i 2021, men arrangør Stegaberg IL var likevel fornøgde med oppmøte.
Austrheim var suverent kjappast rundt Aksdalsvannet med rekordtida 43,21, nesten to minutt raskare enn nærmaste konkurrent Matias Brekkå (21), som kjem frå Ølensvåg og studerer i Oslo. Vågsbuen klokka inn på 45,03.
Karlsen, som har hevda seg i toppen i mange lokale løp det siste året, var like suveren på sine fem kilometer og kom i mål på tida 16,14.