Aktivitet for store og små
På grunn av vêret var det berre såvidt det blei familiedag på Frønsdal gard. Heldigvis blei det mindre regn enn forventa.
— Det er kjekkast å ri på hest. Eg har gjort det før, fortel Anders Vannes Berge (11) frå Ølensvåg.
Han er blant vel 40 deltakarar som har meldt seg på familiedag på Frønsdal aktivitetsgard denne dagen. På programmet står hesteriding, pil og boge, tur med hest og kjerre, hesteskokasting, grilling og leik og kos med dyra. Arrangementet på Frønsdal gard er i regi av Frivilligsentralen.
— I utgangspunktet er tilbodet særleg retta mot familiar som ikkje reiser så langt på ferie, men alle er velkomne til å melde seg på. Dette er også eit integreringstiltak for flyktningfamiliar, og difor er det veldig kjekt at det er lokale familiar med. I dag har me 42 deltakarar, men det hadde vore plass til 50, fortel Nina Frøyland i Frivilligsentralen.