Færre fritidsbåtar i ute på sjøen i sommar. Dette truleg grunna auka dieselprisar.
Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Færre fritidsbåtar på sjøen denne sommaren
Dieselprisane kan ha ført til at gjestehamner over heile Noreg no har færre besøkande med båt, samanlikna med tidlegare høgsesongar.
– Det er mykje mindre folk. Det er halvert frå i fjor, føler me. Det må jo vera prisane, seier Hogne Bertelsen, driftsleiar ved Vassøy Bunkringsstasjon til NRK.
Hamner spreidd over heile landet seier det same: Det er færre fritidsbåtar på sjøen i sommar samanlikna med i fjor.
Folk vurderer å kvitte seg med båten fordi dei ikkje har råd, ifølgje ei gjestehamn. Dei største motorbåtane er ikkje ute i sommar, melder ei anna. Det er for det meste seglbåtar, ifølgje ei tredje.