I år satsa AutoStore aktivt på internship-ordninga og fekk over 130 søkjarar. Frå venstre: Merete Vårvik Matre og Sondre Selsaas.
FOTO: Heidi Berakvam
Grip fatt i dei unge hovuda
I sommar er første gongen AutoStore aktivt søkjer studentar til internship-ordninga. Av dei 130 søkjarane var 23 år gamle Sondre Selsaas frå Nedre Vats ein av dei heldige som fekk draumejobben.
AutoStore har hovudkontor i Åmsosen i Nedre Vats og driv med automatisert og komprimert lagring. Bedrifta blei i 2019 Noreg sin første einhyrning, altså ei privateigd teknologibedrift som er verdsett til meir enn éin milliard amerikanske dollar.
Nye rekrutter
Bedrifta har hatt sommarvikarar tidlegare, men i år er første gong dei aktivt lyser ut stilling i internship-ordninga. Nye vikarar får eit strukturert arbeid og prosjekt dei skal forhalde seg til.