Vilde Rossebø Lundal har nyleg kjøpt det gamle bedehuset på Markhus.Foto: Privat
Vilde Rossebø Lundal har nyleg kjøpt det gamle bedehuset på Markhus.

For få timar i døgnet

I juni tok Vilde Rossebø Lundal og Brandon Santell over Markhus bedehus. Ho skulle gjerne gitt fleire pengar til små bedrifter og engstar seg for klimakrisa.

Publisert Sist oppdatert

Vilde Rossebø Lundal har utdanna seg innan musikkteater, kulturleiing og tek nå utdanning som forfattar ved Norsk barnebokinstitutt. Samstundes skriv ho på eigne prosjekt og jobbar i Moster 2024.

I 2024 er det 1000-årsjubileum for innføring av Kristenretter på Moster ved Olav den heilage. Med dette feirar dei starten på rettstaten og demokratiet i Noreg. Moster 2024 har ekstra fokus på barn og unge og vil ta utgangspunkt i staden sin tusenårige historie med mottoet; Feire fortid – forme framtid.

Draumen med det nye innkjøpet er å gjera Markhus bedehus til ein arena for kunstnarar, musikarar og teatergrupper som kan bruka staden til å arbeida med prosjekt. Ho vil òg invitera bygda til ein og annan juletrefest for å æra arven til bedehuset.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS