Full fres på Bluesfestival
Etter to år med restriksjonar er endeleg Bluesfestivalen tilbake for fullt. Kvelden starta med Bergensbandet Reidar&De som hadde sin debut i 2013. Bandet speler rockemusikk med høg allsongfaktor på tjukk bergensk. Vokalist og gitarist Reidar Brandsrud skriv sjølv tekstane og song blant anna om forelsking i songen Kjæresten Min».
Blant kveldens gjester var det fleire som hadde reist eit godt stykke for å koma seg til bluesen. Terje Jonskau frå Tønsberg, Ingar Austad frå Kongsberg og Geir Austad Johnsen frå Drammen har vore med fleire gonger før. Første gong var i 2006, men dei var ikkje med dei siste to åra grunna koronarestriksjonane.
— Kjekt å endeleg vera tilbake, seier Austad Johnsen.