Bygdefolk og tilreisande tok turen til kyrkja i Vikebygd for å delta på bygdevandring med kyrkjebrannar som tema.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bygdefolk og tilreisande tok turen til kyrkja i Vikebygd for å delta på bygdevandring med kyrkjebrannar som tema.

Lærerik vandring på vigsla grunn

To gonger på få år mista vikebuen kyrkja si i brann. Den dramatiske kyrkjehistoria var tema då festivalen Musikk i Vik inviterte til bygdevandring i sentrum der rundt 20 interesserte tilhøyrarar møtte opp.

Publisert Sist oppdatert

Bygdevandring har stått på programmet under festivalen Musikk i Vik i Vikebygd sidan den første festivalen såg dagens lys for fire år sidan, og også i år inviterte arrangøren til vandring i sentrum. Tema for dagen var kyrkjebrannar i Vikebygd og i løpet av rundturen fekk dei frammøtte bli med på ei interessant tidsreise frå den første stavkyrkja stod ferdig på 1200-talet og fram til dagens kyrkje som blei sett opp i 1937. Guide og turleiar Ingrid Mathilde Sørvåg delte villig sin kunnskap om kyrkjene som opp gjennom åra har vore ein viktig samlingsstad for bygdefolket.

— Her stod den første kyrkja. Den var ei stavkyrkje og høyrde under Halsnøy kloster. Kyrkja blei riven i 1682. Den var den første av fem kyrkjer her i bygda. Også kyrkja som kom i 1682 stod på denne tomta. Då høyrde kyrkja til Fjeldberg prestegjeld. I 1870 blei kyrkja demontert og selt på auksjon. Ei av dørene frå kyrkja er nå på Plassabakariet, fortel Sørvåg som starta rundturen ved dagens kyrkje.

Kyrkjebrannar

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS