Denne gjengen, i tillegg til nokre fleire, har signert underskriftskampanjen. Håpet deira er at lekteren i Ilsvåg no blir fjerna. Foto: Anita Haugland
Denne gjengen, i tillegg til nokre fleire, har signert underskriftskampanjen. Håpet deira er at lekteren i Ilsvåg no blir fjerna.

Lekter vekkjer reaksjonar

Både lokalbefolkning og hyttenaboar i Ilsvåg har signert ein underskriftskampanje i håp om å få fjerne lekteren i området.

Publisert Sist oppdatert

Svein Ove Pedersen frå Haugesund er blant hytteeigarane i Ilsvåg. I sist veke tok han initiativ til ein underskriftskampanje blant hyttenaboar i området. Beskjeden om kampanjen blei lagt ut på Facebook-sida til Ilsvåg velforening. Måndag hadde 49 personar signert. Underskriftene blei levert på rådhuset i Vindafjord i denne veka.

— Med tanke på kor få som bur her, er oppslutnaden stor. Me reagerer på ein lekter som ligg midt ute i den vesle bukta i Ilsvåg. Den er både til sjenanse visuelt sett, men viktigast av alt, me ønskjer å få fjerna den før den fører til forureining i bukta her, seier Pedersen.

Personane som har signert, synest heller ikkje noko om at lekteren er plassert like ved ei strand der både barn og vaksne badar. Ifølgje gjengen som klagar, har lekteren lege der i over eitt år.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS