Bestefar vart kanskje pensjonist som 62-åring eller han venta til han vart 67. Kanskje må barnebarnet hans stå i jobb til hen er 80. Eit forslag frå pensjonsutvalet er ute på høyring.
Foto: Jan Haas / NTB / NPK
Må stå mykje lenger i jobb
Dei som er fødde i 2014 må jobbe til dei er 80 år med høve til å ta ut tidleg pensjon ved 67 år. Slik vert det om innstillinga til pensjonsutvalet går gjennom.
Utvalet som har evaluert pensjonsreforma, leverte i juni ei utreiing med forslag til forbetringar av pensjonssystemet
til arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap), skriv nrk.no. Utvalet vart leidd av Kristin Skogen Lund.
– Utvalet har levert ei innstilling med stor grad av semje på tvers av partipolitiske skiljelinjer, seier Persen.
Færre yrkesaktive for kvar pensjonist