Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Når ein er på tur i naturen kan ein kome over dyr som er skadde eller døde. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK
Når ein er på tur i naturen kan ein kome over dyr som er skadde eller døde.

Meld frå om du finn døde dyr i naturen

Publisert Sist oppdatert

Mange brukar sommaren på å gå turar ute i naturen. Det kan hende at ein kjem over eit dødt eller skadd husdyr, som til dømes sau som har blitt sjuke eller skadde på beite. Det er då viktig å melde frå, skriv Nationen.

Det kan vere mange grunnar til at dyr vert skadde eller døyr i naturen. Uansett er det viktig at bonden får raskt beskjed. Ikkje berre fordi at bonden skal vite kvar dyret er, men òg for at bonden kan setje inn tiltak for å unngå fleire dødsfall.

For å få kontakt med eigaren kan ein til dømes kontakte beitelaget på staden. Desse har ofte hengt opp informasjon ved inngangen til området, skriv Statsforvaltaren på sine nettsider.
Ein må gjerne gi beskjed om det er andre observasjonar dyreeigaren burde vere merksam på, som laushund, halte dyr og liknande.

Powered by Labrador CMS