Sunniva Rødne skal kore saman med mora, under ein konsert på Etnemarknaden. Faren spelar piano til. Foto: Privat
Sunniva Rødne skal kore saman med mora, under ein konsert på Etnemarknaden. Faren spelar piano til.

Musikk i blodet

Sunniva Rødne (29) er oppvaksen i ein musikalsk familie. På Etnemarknaden opptrer ho med mora, Dagny Christophersen, og faren, Rune Rødne.

Publisert Sist oppdatert

Sommaren har ho brukt på reising til både England og Kroatia.

— Sambuaren min er frå England, så me tok ein tur dit for å besøke familien hans, før me reiste til Kroatia i to veker, Sunniva Rødne. No er ho tilbake på jobb i Odda.

— Det var tilfeldig at me hamna her. Typen fekk jobb i Tyssedal, og deretter fekk eg jobb på Knapphus Kjøkkensenter i Odda, fortel 29-åringen, som har ein bachelor i maske – og hårdesign. Konserten på Etnemarknaden blir det første musikkoppdraget hennar dette året. — Kva er di sterkaste side?

Eg er som regel i godt humør, og eg meiner eg har ei sterk rettferdssans.
— Kva trur du er pluss og minus ved å vera bygdemenneske?
Eit pluss er bygdefest. Minuset er at det er vanskeleg å skaffe seg skyss heim.

— Kva les, ser på, og lyttar du til?

— Siste bok eg las heiter The Secret Commonwealth av Philip Pullman, og eg ser religiøst på Love Island kvar sommar. Høyrer på mykje forskjellig, men Billie Eilish og Doja Cat er to artistar som går igjen.
— Kva gjer du på fritida?
For det meste alminnelege ting, som å henge med sambuaren, venner og familie. Går turar med hunden vår Archie, og går på konsert når moglegheita byr seg.
— Kva gler deg og kva irriterer deg?
— Eg har mykje glede av å følgje med på internasjonal popkultur, som til dømes nye musikkutvgjevnader, og nye seriar og filmar. Eurovision er eit høgdepunkt kvart år.
Eg blir irritert av dårleg organiserte møte.
— Korleis oppdaterer du deg om det som skjer i samfunnet?
— Eg les aviser på nett og får med meg ting frå sosiale medium.
— Dersom du hadde politisk makt, kva ville du kjempa for?
— Økonomisk likskap, då eg meiner det er første steg for å betre den sosiale rettferda generelt. Meir spesifikt, og etter alt som nyleg har skjedd i USA, ville eg ha prøvd å fått grunnlovsfesta retten til sjølvbestemt abort. Eg meiner dette er ein menneskerett som ikkje skal tuklast med, verken no eller i framtida.
— Kva er du mest engsteleg for i verda?
— Eg er ein avslappa person i det daglege, men eg tenkjer ein del på global oppvarming. Det er veldig urettferdig at det særleg er dei på den sørlege halvkula som blir mest påverka, men etterkvart vil dette bli eit alvorleg problem for oss også. Alle kan gjera sitt for å bidra, men det er først og fremst forbruket blant dei ultrarike og utsleppa frå dei store selskapa som må handterast. Me må stemme på politikarar som tør å ta grep.
— Kven ser du mest opp til? — Mamma og pappa. — Kva gjer du når du skal unna deg noko ekstra?
— Då likar eg å bake. Er ekspert på eit himla godt» vegansk bananbrød.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS