Årsaka til den store forskjellen i kor mykje mygg det er i landsdelane har med vêret å gjere, skriv NRK.
I Sør-Noreg har det knapt vore sett mygg i år, ifølgje førsteamanuensis i biologi ved Universitetet i Agder, Svein Eldar Wrånes.
– Natt til i går låg eg under open himmel i indre bygder i Agder. Ikkje éin mygg opplevde eg i løpet av heile natta, seier Wrånes til NRK.
Han meiner lite regn er forklaringa.
– Ein viktig grunn til at myggen har hatt problem med rekrutteringa, er at hoa ikkje har hatt nokon plass å klekkje. Bekker, elvar, dammar og pyttar har stort sett vore tørre, seier han.
Han meiner likevel det ikkje er nokon grunn til å frykte at myggen skal blir borte
– Han kjem nok tilbake for fullt. Mygg får vi sikkert nok av.
Biolog Paul Eric Aspholm ved NIBIO Svanhovd meiner noko av grunnen til at det er så mykje mygg i Nord-Noreg i år, er den rekordhøge varmen dei har hatt.
– Ulike artar av mygg har ulike preferansar for temperatur. Når det er varmt så utviklar dei egga ganske fort, seier Aspholm til NRK.
Ifølgje Aspholm har den ekstreme myggmengda positive sider.
– Myggen er mat for fuglar og fisk, dei gjer mykje for økosystemet. Dei reinsar også dammar for bakteriar så andre typar insekt og organismar kan leve der.