Lars Landa er ein av to som driv taxi i Vindafjord.
Foto: Heidi BerakvamFOTO: Heidi Berakvam
Ser det store i det små
Lars Landa er glad så lenge dei rundt han har det bra og set pris på små ting som å ta skjevå» ute på terrassebordet.
Dagleg driv han firmaet Landa Taxibuss AS i Øvre Vats. Nå som drosjefirmaet i Ølen har lagt ned, er det berre to drosjeverksemder att i Vindafjord. Han fortel at det på 80-talet var rundt 20 firma som dreiv drosjekøyring i Vindafjord og gamle Ølen kommune.
Noko av det som gjer at talet på drosjefirma er søkkjande, er at det er eit hardt yrke.
— Det er ein livsstil eg er fødd inn i, seier Landa.