Dei fleste som druknar er menn. Likevel oppgir dei å vere betre til å symje enn kvinner.
Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Urovekkande om symjing
34 prosent av dei spurde i ei undersøking klarer ikkje symje lengre enn 200 meter. Menn oppgir å vere best til å symje, men druknar langt oftare enn kvinner.
– At éin av tre ikkje klarer å symje meir enn 200 meter, er urovekkjande. Vi ser altfor mange drukningsulykker kvart einaste år, seier rådgivande lege i Frende Forsikring, Helge Skjerven.
Undersøkinga som Norstat har gjennomført, viser at 21 prosent ikkje klarer å symje meir enn 200 meter og at 13 prosent kan symje, men ikkje så langt som 200 meter. 3 prosent seier at dei ikkje kan symje.
Flest over 60